Hopp til meny
Maj-Britt Svartveit
10.11.11 | 0 | 2
Leksvol
Leksvol bufellesskap

Bufellesskapet som er meir enn ein bustad

Hausten 2011 feira vi 10-års jubileum for bufellesskapet på Leksvol. Det gav meg inspirasjon til å oppsummere og dele nokon av våre erfaringar.

NAPHAs SKRIVEKURS

  • Denne artikkelen er utvikla i samarbeid med NAPHAs skrivekurs.

BUFELLESSKAP

  • Eit bufellesskap er fleire sjølstendige omsorgsbustader som er samlokalisert og med felles opphaldsrom (stove og kjøkken) som alle som bur der disponerer.
  • Vårt hus består av åtte husvære, og stort fellesareal. Brukargruppa er samansett, dei fleste med bakgrunn i alvorleg psykiatrisk diagnose og med tidlegare opphald i psykiatrisk avdeling. 6 av dei som flytte inn september 2001  bur der enno.

 

Det har aldri vore ei målsetjing at personalet skal bli overflødig, men etter ti år ser vi at brukarane tek ansvar og fått styrka evna til problemløysing.

Før var daglege gjeremål og felles trivsel i bufellesskapet noko som vert initiert av personalet. I dag er dette oppgåver brukarane sjølve tek ansvar for. Eg har har gjort ei vurdering på kva slags faktorar som har vore avgjerande for at me har fått til denne endringa.

Inspirasjon frå vest:

Bergen kommune starta tidleg å utvikle butilbod og kommunale tenester for personar med alvorleg psykisk sjukdom. Inspirert av ny tenking og praksis reiste vi på studietur for å lære. Råderett over eigen bustad og ikkje minst ansvar for eige liv vart stikkord for arbeidet vårt etter dette. Planlegging av bufellesskapet vårt starta midt på 90-talet, med utgangspunkt i då aktuelle brukarar.

Nytenkande prosjektleiar

Eit år før huset skulle ferdigstillast, tilsette kommunen ein prosjektleiar med bakgrunn både frå spesialisthelsetjenesta og kommunehelsetjenesta. Denne breie bakgrunnen saman med sterk tru på prosjektet ga henne  tryggleik til å prøve noko nytt. Trua på at felleskapet mellom dei som bur i huset kan ersatte det som manglar av naturleg familienettverk, gjorde at  vi i personalgruppa la mykje vekt på å vere tilgjengelege, for å gi brukarane nok støtte. Over tid erfarte vi at personalet fekk mindre betydeleg rolle.

Rutiner og rammer

Fellessarealet vart møblert opp før brukarane flytta inn og fungerte som ein trygg base og møteplass. Prosessen med innflytting i eige husvære tok lang tid for nokon, og rutinar for å ivareta daglege gjeremål er ein vedvarande prosess. Rutinane i fellesskapet i dag er felles kveldsmat måndag, torsdag og fredag, felles middag på sundag. Kvar tysdag kveld er det husmøte, med planlegging av helg, innkjøp og innbetaling til spleis på mat. Er det nokon som forsømmer seg, må innkjøp tilpassast pengepungen. Justisen innad i gruppa er blitt mykje sterkare med åra, noko som beviser viser at brukarane er trygge på kvarandre og tek ansvar. Personalet la i starten til rette for at felles oppgåver vart konkretisert og delt opp og personalet og brukar jobba side om side. På denne måten kunne alle bidra og oppleve meistring, under mottoet:

lite er mykje betre enn ingenting,

Fagleg støtte og kompetanseutvikling

I 2000 var det liten erfaring og praksis på denne buforma i kommunane. Vår fordel var at vi hadde brukarar som fleire i personalgruppa hadde kjent over mange år, vi var ei lita personalgruppe som skulle samkøyrast (6 personar), og det var stor interesse og oppslutning om tiltaket i administrasjonen.. Personale hadde naturleg nok ulik grad av forståing og erfaring til å takle situasjonar som oppstod. Vi brukte morgonmøtet til å gå gjennom episodar og situasjonar og drøfte hensiktsmessige løysingar. All praksis som er etablert, er utvikla gjennom erfaring og deling av erfaring. I dag brukar vi lita tid på drøfting av desse brukarane.

Til forskjel frå Bergen som hadde god støtte av sine DPS i etablering av bufellesskap, har vi utvikla kompetansen i vårt miljøarbeid internt. Fastlege var den som hadde og har medisinsk ansvar for den enkelte brukar.

Allmøtet – arena for medverknad

Allmøtet vart etablert som møteform, for å invitere brukarane til å medvirke og påverke saker som galdt dei sjølve, felles aktivitetar på huset og fordeling av oppgåver.

Eit lite stemningsbilete:

Det er allmøte på Leksvol. Bordet er dekka , der er påsmurde rundstykke og kakao. Arne hentar fram sakslista som har hengt på oppslagstavla ei stund der brukarane har skrive opp saker som skal opp på møtet. Sakslista er kjend, med alle ”dei faste postane”.

Han vert oppfordra til å ta ansvar for å leie møtet, ok – det er greit. Det går raskt unna, fordeling av ansvar og meny for julehøgtida, snømåking, plasering av gjenstandar på feil plass, låsing av dørar. Atmosfæren er god, det som er av dissens vert løyst i ein god og ivaretakande tone. Det vi ser er eit utvida familemøte, der alle deltet, der rollane er avklart og ansvaret  er tydeleg.

Møteforma var i starten utrygg og utfordrande  for alle og personalet hadde ei sentral rolle for å legge til rette og trygge - og understreke den enkelte sin muligheit til å påverke og bidra med sitt for å ha eit trygt og triveleg bumiljø. Rammene for møta i dag er klare. Saksliste, møtetid frå-til, vi startar presis og det skal vere servering av mat. Personalet har ansvar for å luke ut saker som ikkje angår alle og tilbyr nytt møte med dei det angår. Allmøtet er i dag eit fast innslag 2-3 gonger om året, og det er helst brukarane som tek initiativ til det.

Godt naboskap løyser usemje

Konfliktar er normalt når så mange bur tett saman. Det handlar om uro på huset, musikkstøy, smelling med dørar, kjefting, uønska besøk, bomming av røyk og pengar. Mykje av dette er på generell basis teke opp som sak på allmøtet. Allmøtet stadfestar reglar og det tryggar brukarane i å setje grenser for kvarandre. Det er også brukt mykje tid på å gjere den enkelte medviten på korleis han ho/ho kan bidra til å løyse usemjer, ved å spørje: kva kan du bidra med her eller har du noko forslag til løysing.. Vi ser også at brukarane adopterer personalet sin måte å kommunisere på og har mykje betre stategiar for å vende seg til kvarandre.

Utan nattevakt

I starten var det miljøpersonale på huset heile dagen, frå 0900 til 2200, i helgane seinvakt laurdag og tidlegvakt sundag. I utgangspunktet var det planlagt bemanna nattevakt, men ressursane vi disponerte gav ikkje rom for det. Vi trygga brukarane på at det er hjelp å få om dei treng det.  Vart dei sjuke om natta, kunne dei ringe legevakt. Vi får ofte spørsmål om brukarane brukar legevakt meir enn andre, erfaring viser at så ikke er tilfelle. Tryggleiken for at det kjem personale på huset om morgonen, er som oftast nok støtte. I dag er det personale på huset når det er felles gjeremål og etter avtale med den enkelte brukar. Dette er avtalt på den enkelte sin vekeplan.

Personalet sin rolle

Sitat frå Anne, ein av brukarane: Eg flytta hit fordi eg var einsam  og treng ein nabo som eg kan banke på til – og at eg kan møte personalet her til faste tider.

Personalgruppa er vane til å ha stort personleg ansvar og brukarane vender seg til sin kontaktperson når noko står på. Kontaktpersonen har stor grad av fleksibilitet, mykje bruk av mobiltelefon og sms.  I personalgruppa har vi lagt stor vekt på å vere presise på tid, alltid halde avtaler, varsle i god tid for endringar, gi tillit og formidle tru på den enkelte si evne til å finne løysingar.

Her er avgjerande faktorar oppsummert, merk i ein ikkje tilfeldig rekkefølge:

  • Gode relasjonar, vi viser at vi bryr oss, også når vi vert avvist
  • Rammer, mykje indre kaos kan kompenserast med tryggleik, avtaler og rutiner
  • Tid, vi er ikkje styrt av tidsavgensing i kommunehelsetenesta
  • Tolmod, evne til å halde ut over tid, i oppturar og nedturar
  • Respekt, for at vi er ulike og velger ulike løysingar
  • Fleksibilitet, at det alltid er muligheit for å endre på ting og få nye sjansar
  • Kompetanse, god fagleg plattform og trua på vi kjenner brukarane våre best og kva som kan hjelpe, og kunnskap om kvar vi kan hente hjelp
  • Tilretteleggje for meistring, å få til og gjennomføre ting som har vore umulige.
  • Samhandling, vi involverer dei som er viktige for brukar
  • Dele gode felles opplevingar, turar, festar, høgtider, bursdagar

Psykiatri i lommeformat

Avslutningsvis siterer eg Sjur Seim, og hans "Psykiatri i lommeformat". Dette er:

Ein plass å bu

Å ha noko å leve av

Å ha noko å leve for

Å ha nokon å gjere det saman med.

 

 

 

Hopp til meny